Nynorskdidaktikk

; Gudrun Kløve Juuhl ; Kristin Kibsgaard Sjøhelle

Den norske språksituasjonen fører til at ein som lærar kan få ansvaret for norskundervisninga i reine bokmålsklasser, reine nynorskklasser og i klasser der elevane har ulikt hovudmål. Alle lærarar skal kunne gi god opplæring i norsk, både til elevar som har nynorsk som sidemål, og til elevar som har nynorsk som hovudmål. Les mer
Vår pris
244,-
Spar
35,-

Veil. pris: 279,-  (E-bok)
Ikke i salg

E-bok
E-bok
Vår pris: 244,-
Spar: 35,-

Veil. pris: 279,-  (E-bok)
Ikke i salg

Den norske språksituasjonen fører til at ein som lærar kan få ansvaret for norskundervisninga i reine bokmålsklasser, reine nynorskklasser og i klasser der elevane har ulikt hovudmål. Alle lærarar skal kunne gi god opplæring i norsk, både til elevar som har nynorsk som sidemål, og til elevar som har nynorsk som hovudmål. Denne boka tek sikte på å gi eit didaktisk grunnlag for å gi god undervisning i nynorsk, uavhengig av denlokale språksituasjonen. Boka er skriven med utgangspunkt i siste utgåve av læreplanverket (LK20) og har eigne kapittel om nynorsk som både hovudmål og sidemål, nynorsk barne- og ungdomslitteratur, nynorsk fagskriving og andre inngangar til nynorskdidaktikk.

Hjalmar Eiksund er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda. Han har undervisningserfaring frå ungdoms- og vidaregåande trinn, og arbeider i dag i hovudsak ved grunnskulelærarutdanningane. I forskinga si er han oppteken av skriving på barne- og ungdomstrinn, sosiolingvistikk og dialektkunnskap.

Gudrun Kløve Juuhl er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Volda. Ho arbeider i barnehagelærarutdanninga og ved master i grunnskulelærarutdanning. I forskinga si er ho oppteken av barn og ungdoms eigne tekstar, skriving og literacy-praksisar.

Kristin Kibsgaard Sjøhelle er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda. Ho arbeider ved master grunnskolelærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning, og har undervisningserfaring frå ungdoms- og vidaregåande trinn. I forskinga si er ho særleg oppteken av nynorsk som sidemål og skrivedidaktikk.