Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Vindmøllekampen

historia om eit folkeopprør

«Vi treng bøker som denne, som kan dukke ned i litt uforklarlege fenomen som oppstår, forklarar dei med innestemme og gir eit nært portrett av dei som stiller seg i vegen for anleggsmaskiner, dumparar og lastebilar lasta med vindturbinar. Anders Totland er ein solid sakprosaforfattar som handterer denne oppgåva veldig godt, og boka hans om vindkraftmotstandarane er viktig lesnad." Emil Erstad, Vårt Land»

Emil Erstad, Vårt Land

Kvifor reiser folket seg til kamp mot vindkrafta? Kvifor har motstanden mot vindkraft eksplodert i Noreg? Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, kommunevåpen som er spraya med hakekors, og utanlandske selskap har møtt påstandar om at dei prøver å fullføra det tyskarane ikkje klarte i 1945. Les mer

390,-

429,- Spar: 39,-

Sendes innen 3 virkedager
Kvifor reiser folket seg til kamp mot vindkrafta? Kvifor har motstanden mot vindkraft eksplodert i Noreg? Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, kommunevåpen som er spraya med hakekors, og utanlandske selskap har møtt påstandar om at dei prøver å fullføra det tyskarane ikkje klarte i 1945.

Anders Totland har reist land og strand rundt for å forstå kva i alle dagar det er som skjer. Han tar oss blant anna med til Trøndelag og den store, nasjonale mobiliseringa på Frøya, til starten på organisasjonen Motvind, til Sognefjorden der lokalpolitikarane kjempar iherdig mot utbyggingskåte selskap, og til Andøya der vindkraftmotstandarane har sigra. Totland viser korleis storpolitikken utspelar seg dag for dag, med stadig fleire kritiske blikk på vindkraftutbygginga. Men aller mest opptatt er han av menneska. Kva er det som får dei til å reisa seg til kamp? Kva er det som triggar og driv og får elden til å spreia seg frå sjel til sjel, og folk til å halda ut - år etter år?

Anders Totland (f. 1986) er busett på Valen i Sunnhordland. Han er utdanna samfunnsvitar og har skrive ei rekke bøker i ulike sjangrar dei siste åra, også tre sakprosabøker for ungdom. Totland har ti års røynsle som journalist i Haugesunds Avis,
Kvinnheringen og Sunnhordland.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
294
ISBN
9788234004377
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021
Originaltittel
Vindmøllekampen
Format
21 x 14 cm

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Anmeldelser

«Vi treng bøker som denne, som kan dukke ned i litt uforklarlege fenomen som oppstår, forklarar dei med innestemme og gir eit nært portrett av dei som stiller seg i vegen for anleggsmaskiner, dumparar og lastebilar lasta med vindturbinar. Anders Totland er ein solid sakprosaforfattar som handterer denne oppgåva veldig godt, og boka hans om vindkraftmotstandarane er viktig lesnad." Emil Erstad, Vårt Land»

Emil Erstad, Vårt Land

«Opplysende om hvordan vindkraft-rapport ble blåst ut av proporsjoner og skapte full storm Dette er boken for alle som finner vindkraftdebatten merkelig og rar, og et hederlig forsøk på å nyansere en polarisert debatt." Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende»

Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

«Totland møter menneska med ope sinn. Ei grunnleggjande sympatisk innstilling til det folkelege engasjementet vekslar med kritiske blikk på tendensane til ekstremisme og konspirasjonstenking, som også finst. Og undervegs merkar lesaren ei uro over dei harde frontane, polariseringa og mistilliten som har vakse fram, og som kan bli eit demokratisk problem." Tom Hetland, Stavanger Aftenblad»

Tom Hetland, Stavanger Aftenblad

«Anders Totland har skrive boka som gjer at du endeleg forstår vindmølledebatten. " Magnus Rotevatn, Framtida.no»

Magnus Rotevatn, Framtida.no

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Vindmøllekampen:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Skogen

Anne Sverdrup-Thygeson
Innbundet 
409,- 449,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv