Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Vitskapsteori i sosialt arbeid

tilnærmingar og normative spørsmål

Forsking og vitskap handlar om å skaffe seg påliteleg kunnskap. I denne boka gir forfattaren ei innføring i dei grunnleggande føresetnadene for kunnskap innan sosialt arbeid.
Etter ein gjennomgang av dei ulike kunnskapstypane i sosialfaga tar forfattaren for seg dei viktigaste tilnærmingane til kunnskapar innan feltet: fortolking, naturalisme, kritisk teori, teorien om rasjonelle val, sosialkonstruktivisme og realisme. Les mer

339,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Forsking og vitskap handlar om å skaffe seg påliteleg kunnskap. I denne boka gir forfattaren ei innføring i dei grunnleggande føresetnadene for kunnskap innan sosialt arbeid.
Etter ein gjennomgang av dei ulike kunnskapstypane i sosialfaga tar forfattaren for seg dei viktigaste tilnærmingane til kunnskapar innan feltet: fortolking, naturalisme, kritisk teori, teorien om rasjonelle val, sosialkonstruktivisme og realisme. Boka viser at tilnærmingane ikkje nødvendigvis står i motstrid til kvarandre, men at dei gjerne er å finne i kombinasjon og utfyller kvarandre.
I tillegg til denne pragmatiske forståinga drøftar boka normative spørsmål som dels går på tvers av tilnærmingane, dels er særskilde for kvar enkelt av dei. Kva rolle bør for eksempel politiske og moralske verdiar spele i forsking? Finst det kriterium for gode tolkingar? Kva må vi tenke på i overføring av vitskaplege resultat, for eksempel frå eksperiment til praksis? Og kva for spørsmål reiser bruken av biologiske innsikter i sosialfaglege og sosialpolitiske samanhengar?
Boka inneheld også ei fyldig liste med forklaringar av sentrale omgrep i vitskapsteorien.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788234002052
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021

Les utdrag

Åpne utdrag her

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Vitskapsteori i sosialt arbeid:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv